torsdag 17. desember 2009


Eg kom for å elske
Av Brynjulf Jung Tjønn

Dette er ei 73-siders bok frå 2002, som har ei forteljing som hoppar frem og attende i tid. Teksten er skreve ganske så poetisk og kvar side i boka beskrivar og skildrar ulike delar i livet til hovudpersonen, ei ung jente. Jenta er redd for å miste dei ho er mest glad i, noko som allereie har skjedd med at faren forsvann, broren som døyr, venninna Oda som flyttar og at mora prøvar å forsvinne med å ikkje ete.

Jenta bur i eit brote familieliv, noko som er sårt for henne. Men igjennom boka oppdagar ho kven ho eigentleg er – og også andre.
Eit eksempel på korleis boka er skreve, er dette, eit utdrag frå fyste side:

”Det ligg ei framand kvinne i mors seng. Ho ligg der med den blå, mjuke dyna halvvegs over seg. Eg kan sjå dei kvite og faste brysta hennar. Andletet er drøymande, munnen halvopen, venstre hand ligg slapt over mors rygg. I handa ei kvit truse.”

Eg synest dette er ein ganske spesiell måte å skrive på, med å vere så open, gå rett på sak og skrive på eit litt ”ujålete” språk. I tillegg bidrar det til at boka blir litt komisk, og ein vil fortsette å lese.

Ved å skrive på denne måten får forfattaren godt frem skildringar. Det gjer at situasjonar er lette å sjå for seg, og han får formidla hovudpersonens situasjon veldig bra.

Ulike hendingar var likevel litt vanskelig å forstå, ettersom nokon var litt ”rare” og at forteljinga går såpass mye frem og tilbake i tid.

Eg anbefalar boka til dei som ikkje er så veldig glade i å lese. Denne er kort og går fort å kome igjennom, og ein sitt likevel att med eit stort inntrykk; livet held frem, trass i alle vonde ting som skjer.

Eg gir boka terningkast 4.